Mobirise website design software

OM EI FRAMFØRING AV DIKTET SVEIP

Helge Torvund

Innleiingsdiktet i "Alt brenner" har si speseille bakgrunnshistorie. Diktet vart tinga av Statoil til fellesopninga av ei nyoppsetjing av Peer Gynt på Rogalandteater der òg ei fotoutstilling av dei Londonbaserte kunstnarane Jonathan Anderson and Edwin Low skulle opnast.

Tinginga vart gjort i samanheng med at eg vart 60 år den same hausten. Organisasjonspsykolog og gallerieigar Stein-M. Jåtten hadde som så ofte elles trekt i dei rette trådane for å prøva å få til noko som styrkte mangfaldet i kulturlivet i regionen. Mangt kan seiast og mangt har vorte sagt om slike samanhengar mellom kulturverksemd og næringsliv. Det som er sikkert, er at at dette diktet er eit døme på noko som ikkje ville eksistert utan den bestillinga eg fekk.

Eg såg for meg at eg på eitt eller anna vis ville knyte diktet opp til Peer Gynt. Eg skreiv notat, linjer, arbeidde
med noko som kunne verta til noko. Så vakna eg tidleg ein morgon med følgjande
ord kvernande i meg:

Du Peer Eg Peer Alle Peer Ingen

Eg tykte det var ei underleg og fascinerande linje. Og i dagane som kom prøvde eg å byggje diktet kring dette, men jo meir eg prøvde på det, jo meir umulig verka det. Eg kom ingen veg. Og eg la den linja vekk.Og kom ingen veg utan den heller. Så skjedde det igjen nokre dagar seinare. Eg vakna med dei same orda kvernande i sinnet:

Du Peer Eg Peer Alle Peer Ingen

Og nå byrja diktet å ta form. Eg fann ikkje bare ein stad der denne linja skulle vera, der ho
var heilt heime i teksten, men brått visste eg at denne linja skulle spela ein viktigare rolle i
urframføringa: Eg ville ha eit gresk kor som sa fram denne linja mellom kvart vers. Eg løfta telefonrøyret og lufta dette for teatersjefen ved Rogaland Teater, Arne Nøst, og for leiaren av Statoil sitt kunstprogram,
Bjarne Våga. Og svaret til begge desse overraska og gleda meg: "Me er med. Me gjer det sjølv!"

Og det gjorde dei.

Dei las desse orda i kor mellom kvart vers eller avdeling av diktet. Og dei gjorde det med rytmisk innleiving og dette gjorde noko med diktet og framføringa noko som dei elles ikkje ville hatt.

Det var fullstendig stillheit i foajeen på Rogaland Teater. Og ei av dei underlegaste stundene etterpå, då fleire hadde vore borte og takka for opplesinga og gitt uttrykk for at det fungerte og berørte, var det då dei to som var hovudpersonar i dette rommet den dagen, kom bort og sa, at sjølv om dei ikkje hadde forstått eit einaste ord, så hadde opplesinga vore ei heilt spesiell oppleving å vera med på, også for dei. Det var Jonathan Anderson og Edwin Low. Det var fint å kunna senda dei diktet på engelsk ei stund seinare.