Mobirise website building software

CHARLIE’S BAR

Helge Torvund

Som nemnt bak i boka ALT BRENNER, vart diktet ”Alle ventar på Charlie” til på ”Charlie’s Bar” på Waterton Hall Hotel i Wakefield, Yorkshire. Diktet vart starten på ei særskilt skriveoppleving for meg, der eg vart inspirert til å skrive dikt etter dikt over ein bestemt mal, men med varisajonar, og der dikta sirklar kring eit namn, oftast ein bestemt men ikkje fullt namngitt kunstnar, biletkunstnar, poet, romanforfattar eller musikar. 



Det som er litt underleg, er at diktet om Charlie ikkje eigentleg handlar om Charlie, men er ei skildring av det å vera i dette huset, der han budde. Eg skriv litt om Charlie bak i boka, men eg har lyst til å ta med litt meir om dette her. Då eg fann ut at denne baren var oppkalt etter ein Charles Waterton som levde frå 1782 til 1865, viste det seg jo at dette var ein svært fascinerande person. Ein eksentrisk fyr som verka både noko uregjerleg og underhaldande, som hadde sider ved sin person og sitt liv, som ein må kunne stille kritiske spørsmål ved, det dreier seg jo her om oein representant frå den kvite overklassen i eit verdsomspennande imperium, men som òg hadde veldig mange tankar og idear som verka uvanleg framtidsretta og sympatiske. 



Eg skal ikkje trekkja dette veldig langt, men på eit underleg vis opplevde eg det som om den delen av Charlie, eller ”The Squire” som han vart kalla som eigaren av Waterton Hall, som var frisinna og humoristisk, leikande og sprø, tok litt bustad i meg og hjelpte meg til å sleppa meg fri og skriva i veg på ein måte som var både ny og befriande. Og det var jo fascinerande at det vart kring femti slike ”Alle ventar på…”-dikt til slutt. Det gjekk i ein slags raptus og lett transeaktig morgonstemning, dag etter dag, eitt dikt til dagen. Bare nokre heilt få av desse vart lagt til side, og då eg sendte inn den første utgåva av manuset, fekk eg som alltid, ein del kommentarar og kritiske merknadar til dei andre dikta, hint om å arbeide meir med avsnitt, kutte ut linjer, ta bort dikt, vurdera ikkje heilt vellykka poetiske bilete, og så bortetter. Men til heile den store bolken med ”Alle ventar på…”-dikt, var det ikkje ein einaste kritisk merknad. Eg opplevde det som om Charles Waterton var med meg og sørga for at dette gjekk som det skulle. Eg kjøpte og las boka som Brian Edginton gav ut i 1996, og eg las bestseljaren hans ”Wandering in South America” og følgte han på hans vandringar, berrføtt i jungelen, med fascinerande begeistra dagboksskildringar av turane han gjorde. Eg vart betre kjent med denne mannen som hadde budd i det huset der serien med dikt tok til. Som hadde klatra opp i eit tre etter ein storm og lagt hegreungar som var nedblesne attende i reiret. Som skreiv dikt. Og som skreiv polemisk om både politikk, forureining av naturen, og om ornitologiske spørsmål. Ein mann som hadde arrangerte festar i det huset der me åt den middagen som er omtalt i diktet mitt, og som kunne krype på alle fire og bite gjestene i leggen som ein hund. Og som kunne agera butler i sine eigne selskap. Ein mann som på ferie i Scarborough fekk eit forhold til Jenny. Ei ung gorilladame frå Kongoelva, sannsynlegvis den første av sitt slag som vart teken ut av det afrikanske kontinentet, og ei som klatra opp på skuldrene hans og kviskra ”sweet nothings in his ear”. Slik er deira fjerde og siste date skildra:
”Jenny put her arms around my neck; she looked wistfully at me, and then we exchanged soft kisses, to the evident surprise and amusement of all the lookers on.”

Eg kunne skrive mykje og langt om Charlie, Charles Waterton, The Squire, og kanskje vil eg gjera det, ein annan stad. Her vil eg bare seia, at sjølv om han levde i ei heilt anna tid, og gjorde mykje som er fjernt og utenkeleg for ein med min bakgrunn, har det vore ei heilt spesiell glede å verta kjent med denne underlege, originale og fagerike mannen, som eg ikkje ante noko om, før eg sat der, og skreiv dei første orda ”Alle ventar på Charlie” på Charlie’s Bar. Ord som skulle verta dei første orda i ein serie på nær femti dikt. Og til slutt vart ein av hovudbolkane i diktsamlinga ALT BRENNER. Eg trur han hadde likt det.