Mobirise free website builder

BUDDHA I BOKHANDELEN

Helge Torvund

Eg kan i langt større grad enn vanleg stadfesta når ideen om denne diktsamlinga vart fødd. Det var Buddha i bokhandelen som starta det heile.

Eg stod inne i ein mindre bokhandel på Jæren og såg på diktsamlingar og den slags då eg brått stod med ei lita innbunden kvadratisk bok frå J. M. Stenersens Forlag i handa. Eg slo tilfeldig opp på side 32. Og der, øvst på sida, stod det bare to ord med store bokstavar:

ALT BRENNER

Ord er underlege saker. Dei kan vera lenge undervegs før dei treffer deg, og du kan vera lenge undervegs til orda før du finn dei. Det siste kan til dømes bety at du kan sjå og lese visse ord, utan at dei får nokon stor og alvorleg verknad. Medan dei same orda i ein annan situasjon, i ein annan fase av di utvikling, di mogning, brått er der, møter deg i din bane og utløyser heile sitt arsenal av magisk energi og assossiasjonar - og på den måten set i gang ting du ikkje hadde peiling på ville skje. 

Du har sikkert opplevd sjølv, at du har kjøpt ei bok fordi den såg litt interessant ut, det var noko ved omnslaget eller tittelen eller vaskesetel som tiltrekte deg. Men når du så byrjar lesa, så fengjer det deg ikkje likevel. 

Det var ikkje noko. Og slik hamnar boka i hylla saman med andre, lesne og ulesne bøker. Heilt til du ein dag tilsynelatande tilfeldig kjem til å ta denne boka ut att, augo dine fell på nokre linjer, og det går dette støytet gjennom deg, denne kjensla av at ”det er jo nettopp det eg såg etter nå! Så fantastisk at nokon har skrive nett dette.” Og du deg over boka og sluker ho eit einaste lesejafs, med glød og engasjement. Litt forundra over kva slags skattar du eigentleg har ståande rundt deg i hyllene. Du ser bortover hyllemetrane og tenkjer, står det andre slike uopna skattar her? Men det er ikkje slik det fungerer. Du må venta. Det skjer det som skjer.

ALT BRENNER

Dette var jo ord eg hadde lese fleire gonger før, både på norsk og engelsk, ord som hadde vore undervegs mot meg i to tusen fem hundre år. Dei høyrer til ein av dei meir kjente talane me har etter Buddha. På engelsk vert den kalla “The Fire Sermon”, altaå ”Eldpreika”,og i den boka eg hadde i handa, i det utdraget som der var teke med, omsett av Kåre A. Lie, haldt teksten fram med desse orda: “Sinnet brenner, munker. Tankeobjektene brenner, tankebevisstheten brenner, tankekontakten brenner, og alle de gode, vonde eller nøytrale følelsene som oppstår som følge av tankekontakten, brenner også, munker.” *

Eg hadde lese den før. Og det var ikkje eigentleg Buddha si preik som slo igjennom nå. Det er ei eiga historie, og vel verdt å ta inn over seg. Ein flott og særprega tale som det knapt finst maken til. Les ein den, kan ein både forstå noko av kva det må ha vore ved denne livslæraren som fengja slik der og då og i alle desse hundreåra seinare. Og ein kan forstå at orda hans får så stor innverknad på den einskilde person sitt eige liv.

Men for meg var det altså nå bare desse to orda. Alt dei romma. Alt dei famna om. Alt dei tydde og sa og song om. Eg var, slik eg av og til vert, i det ein har brukt å kalla kreative fasar eller inspirerte augeblinkar, nærast besatt av alt mulig som hadde samanheng med desse to orda.

Først og fremst slo det bare ned i meg at desse orda var tittelen på mi neste diktsamling. 

Eg såg straks at det var noko her som ville gå inn i eit samspel og ein samanheng med titlane “Alt er høy” og “Alabama?”. Det lydlege fall på plass. 

Og eg visste at det måtte bli ALT BRENNER, og ikkje det meir korrekte nynorske, ”Alt brenn”- At eg vart ståande fast på denne tittelen, sjølv i periodar der eg var i tvil, hadde med tre ting å gjera; Den nemnde opplevinga, der det var nett desse orda eg møtte, og som tente gnisten. Det andre var at det framleis i 2011 var ei såkalla klammeform på nynorsk, så vidt innanfor, før desse formene vart borte frå ordboka i 2012. Og fleire andre nynorske poetar som eg set høgt er av og til vera svært så frie i høve til normen. Arvid Torgeir Lie gav ut ei sterk og fin samling i 1995, med tittelen ”Eksakthet, nævær”. Og det tredje, men ikkje minst viktige, var at eg faktisk seier “alt brenner” på min dialekt, rett nok med stum r, men med same rytmen og same klangen. Det måtte bli slik.


Frå då av hadde arbeidet med ny diktsamling fått ein retning, eit samleomgrep. Men det skulle ta lang tid. Nå er det ni år sidan “Alt er høy” kom ut, og fire år sidan første opplaget av “Alabama?” vart sendt ut i butikkane. Det som skjedde når titteln var på plas, var at eg byrja notera meg alle dei ulike assosiasjonane som “alt brenner” gav meg; glød, ein gammal flamme, folk som set fyr på eg sjølv i protest, brennevin, eldsjeler, osv. osv. eg las om skogbrannar, om den spesielle furukongla som bare opnar seg i sterk varme, og som altså treng ein skogbrann før frøa kan spreidast.


Heile e-boka Buddhas budskap

Omsett av Kåre A. Lie. Boka kan lastast ned gratis her: http://ftp.budaedu.org/ebooks/pdf/NO001.pdf