Mobirise website maker software

ARV

Den siste dagen av eit av desse åra våre.

Vatnet koker og stormvinden


sin djupe tone der ute i mørkret. 

Kontrabassen gjekk i arv frå far til son.


Verda går i arv frå den eine til alle.

Eg held hus


i mørkret

og ventar på lysare dagar.


Orda kan flamma opp.

Den keltiske eld


representerte ei ny byrjing 

livskraft og lyst.


Eg drikk vinterens gull

og lar orda gløda


som eld 

i mørketida.